Europeos.es : Inicio > Trabajo en Noruega > asistente bibliotecario/asistente bibliotecaria > Vil Du Vere Sommar Og/eller Ekstrahjelp Ved Vågå Bibliotek?

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Vil du vere sommar og/eller ekstrahjelp ved Vågå bibliotek?

Contratación de asistente bibliotecario/asistente bibliotecaria en Noruega

Clasificación del trabajo: Personal de apoyo administrativo › Otro personal de apoyo administrativo › Otro personal de apoyo administrativo › Empleados de bibliotecas › asistente bibliotecario/asistente bibliotecaria.

Traducción de la profesión: Clerical support workers › Other clerical support workers › Other clerical support workers › Library clerks.

Descripción de la oferta de trabajo:

Vi ser etter ein eller to personar som deler vår kjærleik for litteratur, er imøtekomande og likar å jobbe med menneske i alle aldrar. Biblioteket er ein viktig sosial møteplass i bygda vår. Vi har eit populært gamingrom og eit utstyrslager der alle besøkande kan låna gratis turutstyr. Om du er ein person med interesse for menneske, litteratur, gaming og teknologi, er dette den perfekte jobben for deg.

Vi ynskjer at du er over 18 år, men yngre søkjarar kan vurderast. Vi treng nokon som kan ta vaktar så snart som mogleg. I tillegg treng vi nokon som kan arbeide inntil 80 prosent i sommarmånadene. Du kan søkje på båe stillingane, eller berre på stillinga som ekstrahjelp eller stillinga som sommarhjelp. Noko laurdagsjobbing må påreknast.

Arbeidsoppgåver:

  • Hjelpe til med utlån og innlevering av bøker
  • Hjelpe besøkande med å finne litteratur og bruke biblioteket, samt rettleie i bruk av dei digitale tenestene våre.
  • Bidra til å halde biblioteket ryddig og organisert
  • Handtere utlån frå utstyrslageret
  • Organisere besøk på gamingrommet

Kvalifikasjonar:

  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Engelskkunnskapar er ein fordel
  • Interesse for litteratur
  • Interesse for gaming er eit pluss
  • Serviceinnstilt og gode kommunikasjonsevner
  • Grunnleggjande datakunnskap. Vilje til å setta seg inn i nye datasystem
  • Tole noko stress og tidvis hektiske periodar

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato. Politiattest skal ikkje leggast ved i sjølve søknaden.

Søknadsfrist: 6. mai 2024

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Biblioteksjef: Kai Robin Flesvik Nilsen

Telefon: 46 28 29 32

E-post: kai.nilsenvaga.kommune.no

Tenesteleiar kultur: :

Kjersti Frackmann Strass

Telefon: 97 06 89 31

E-post: kjersti.strassvaga.kommune.no

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottakvaga.kommune.no , desse er unnateke offentlegheit.

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Om arbeidsgiveren:

Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.

País del trabajo: Noruega.

Número de puestos: 2.

Empleador: VÅGÅ BIBLIOTEK.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 06 de Mayo de 2024, y con identificador de la vacante:f6514686-6299-4620-889a-a5b8d822f353.

Ver las 7 ofertas de trabajo de Personal de apoyo administrativo › Otro personal de apoyo administrativo › Otro personal de apoyo administrativo › Empleados de bibliotecas › asistente bibliotecario/asistente bibliotecaria ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: