Europeos.es : Inicio > Empleo en Noruega > Fisioterapeutas > Spesialfysioterapeut

Vacante en Noruega de Fisioterapeutas

Spesialfysioterapeut

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la salud : Otros profesionales de la salud : Fisioterapeutas.

Professionals : Health professionals : Other health professionals : Physiotherapists

Descripción de la oferta de trabajo:

Org. nr: - Stillingsident: 4296814119 Presentasjon av stillingen:

Volda DPS, døgnseksjon har ledig 100 % vikariat for spesialfysioterapeut. Stillinga er ledig frå d.d til 1. mars 2022. Det kan ev. bli høve til forlenging.

DPS, døgnseksjon tek imot pasientar med behov for døgnkontinuerleg behandling. Seksjonen har totalt 12 senger og dekker kommunane på Søre Sunnmøre. Tilbodet er eit tverrfagleg utgreiings- og behandlingstilbod til pasientar over 18 år med psykiske lidingar.

Psykomotorisk fysioterapeut i vår døgnseksjon arbeider i team med miljøpersonalet og øvrig behandlingsteam (psykiater, LIS, psykolog/spesialpsykolog).

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV.

Arbeidsoppgåver

  • Individuell behandling/vurdering
  • Gruppebehandling (t.d bevegelsesgruppe, bassenggruppe, turgruppe)
  • Deltakande i seksjonen sitt behandlingsteam
  • Deltakande på seksjonen sitt fagråd

Kvalifikasjonar

  • Fysioterapiutdanning
  • Vidareutdanning i psykomotorisk fysioterapi
  • Ønskjeleg med kunnskap om/erfaring med traumebehandling

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
  • Løysingsorientert og positiv

Vi tilbyr

  • Stabilt og godt arbeidsmiljø
  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i god pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd

Kontaktinformasjon

Ingeborg Karlsbakk Hoggen, Konstituert seksjonsleiar, 70058660 , Ingeborg.Karlsbakk.Hoggenhelse-mr.no

Arbeidsstad

Volda

6100 Volda

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.:4296814119

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 20.11.2020

Sluttdato: 01.03.2022

Søknadsfrist: 20.10.2020

Om arbeidsgiveren:

Helse Møre og Romsdal HF gir

spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom

pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere

‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om

lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og

Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk

helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi

for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur

til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting.

Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.

Vi

ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder.

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i

søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der

det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest.

Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste.

Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom

oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer

ikkje kontakt med annonseseljarar.

For

meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal

País del trabajo: Noruega.

Número de puestos: 1.

Empleador: HELSE MØRE OG ROMSDAL HF VOLDA SJUKEHUS - SOMATIKK.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:759891e7-8e4b-4a1c-926a-db99ee1ad106.

Ver las 190 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la salud : Otros profesionales de la salud : Fisioterapeutas ofertadas.

Ofertas de trabajo similares:

Ir a la versión para ordenadores / Más completa, permite traducir, filtrar por profesiones...