Europeos.es : Inicio > Oferta de trabajo en Noruega > Abogados > Rådgivar - Jurist

Contrato de Abogados en Rogaland (Noruega)

Rådgivar - Jurist

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales en derecho, en ciencias sociales y culturales : Profesionales en derecho : Abogados.

Professionals : Legal, social and cultural professionals : Legal professionals : Lawyers

Descripción de la oferta de trabajo:

Jobbnorge ID: 179480

Om stillinga

Utdanningsavdelinga har ansvar for statlege oppgåver knytte til barnehage, grunnopplæring, vaksenopplæring og introduksjonsordninga for nykomne innvandrarar. Juristane i avdelinga er viktige støttespelarar og diskusjonspartar i dei fleste sakene våre. Det er opplæringslova, barnehagelova og introduksjonslova som er avdelinga sine faglovar, men arbeidet krev at vi ser desse i samanheng med forvaltningslova, offentleglova, barnelova, barnevernlova, delar av helselovgivinga og barnekonvensjonen.

Avdelinga har for tida 20 tilsette med variert fagleg bakgrunn, høg kompetanse, godt arbeidsmiljø og stor arbeidskapasitet.

Vi har ledig fast stilling som rådgiver - jurist med tiltreding så raskt som mogeleg.

Arbeidsoppgåver

Aktuelle oppgåver er å

  • føre tilsyn med kommunane og fylkeskommunen
  • behandle klagesaker
  • gi informasjon og rettleiing til kommunane/fylkeskommunen, leiarar i barnehage, skole og NAV, PPT og publikum

Kvalifikasjonskrav

Vi ønskjer oss ein medarbeidar som

  • har master i rettsvitskap/juridisk embetseksamen
  • har erfaring med klagebehandling innanfor opplæringslov, barnehagelov og introduksjonslov
  • arbeider godt såvel åleine som i lag med andre
  • er fleksibel, initiativrik, effektiv og systematisk
  • uttrykkjer seg klart skriftleg og munnleg, på begge målformer
  • ønsker å arbeide for barn, unge og vaksne sine rettar til god og likeverdig utdanning

Vi tilbyr

  • lønn som rådgivar kr 530 000 - 620 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast
  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
  • pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)
  • nødvendig opplæring og rom for kompetanseutvikling
  • varierte, interessante og krevjande oppgåver som betyr mykje for barn og unge samarbeid om god oppgåveløysing med høgt kompetente medarbeidarar i avdelinga, i embetet og i Utdanningsdirektoratet
  • triveleg arbeidsmiljø i Statens hus

Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.

Fylkesmannen har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Vi jobber for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av nytilsetjinger i staten skal være personar med nedsett funksjonsevne eller hull i CV-en.

Spørsmål om stillinga

Du får nærare opplysningar hos utdanningsdirektør Marianne Skogerbø, tlf 51568788/99156049, eller hos assisterande direktør Hallgeir Bø, tlf 51568733/92287260.

Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no

PAM

País del trabajo: Noruega.

Región: Rogaland.

Ver 623 ofertas de trabajo en "Rogaland" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Tipo de contrato: Jornada completa.

Empleador: Fylkesmannen i Rogaland.

Instrucciones para solicitar:

See jobdescription

Identificador de la vacante:11611912000117.

Ver las 138 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales en derecho, en ciencias sociales y culturales : Profesionales en derecho : Abogados ofertadas.

Ofertas de trabajo similares:

Ir a la versión para ordenadores / Más completa, permite traducir, filtrar por profesiones...