Europeos.es : Inicio > Empleo en Noruega > Directores y gerentes de servicios profesionales > Leiar For Kundeoppleving - Skyss - Kringom

Leiar for kundeoppleving - Skyss - Kringom. Hordaland

Trabajar en Noruega (Hordaland) de Directores y gerentes de servicios profesionales

Clasificación del trabajo: Directores y gerentes : Directores y gerentes de producción y operaciones : Directores y gerentes de servicios profesionales : Directores y gerentes de servicios profesionales no clasificados bajo otros epígrafes.

Managers : Production and specialised services managers : Professional services managers : Professional services managers not elsewhere classified

Descripción de la oferta de trabajo:

Org. nr: - Stillingsident: 4087475726 Presentasjon av stillinga:

Arbeidsoppgåver

  • Leiar for kundeoppleving rapporterer til direktøren for den nye kollektiveininga. Leiaren vil leie ei avdeling på omlag 30 tilsette, som har som sin viktigaste oppgåve å sikre framifrå kundeservice, effektiv marknadsføring og oppdatert informasjon i relevante kanalar - basert på innsikt skapt av dataanalyse.
  • Leiarens sentrale oppgåve er å sørge for å få fleire til å reise kollektivt. Kommunikasjonen med kundane skal bygge på data og formidle fakta på ein måte som gir best mogleg kundeoppleving.
  • Leiar for kundeoppleving har et særleg ansvar for å styrke omdømmet til den nye kollektiveininga.
  • Den digitale utviklinga og utviklinga i forventninga hjå kunden stiller nye krav til kundeopplevinga. Leiar for kundeoppleving får hovudansvaret for å møte denne utfordringa.
  • Den nye kollektiveininga har kontorstader i Bergen, Leikanger og Førde. Fast arbeidsstad blir etter nærare avtale.
  • Du må rekne med å måtte reise noko i samband med stillinga.

Kvalifikasjonar

  • Høgre utdanning innanfor relevant fagområde
  • Relevant arbeidserfaring, t.d. marknadskommunikasjon, kundeservice på strategisk nivå, kundeanalyse.
  • Leiarerfaring eller prosjektleiarerfaring
  • Interesse og engasjement for kollektivtrafikk
  • Erfaring med kostnadseffektiv og/eller datadrevet kundekommunikasjon er ein fordel.

Personlege Eigenskapar

  • Sterke samarbeidsevner
  • Relasjonsbyggjar
  • Evne til å formidle bodskap til ulike målgrupper
  • Strukturert og systematisk
  • Salsorientert men ansvarlig haldning til kundedialog

Vi tilbyr

  • Ein faglig utfordrande og spanande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Bli med å påverke kollektivtrafikken i hele det nye vestlandsfylket
  • Arbeide i eit sterkt fagmiljø med engasjerte kollegaer
  • Sentral rolle i å utvikle kvaliteten på kollektivtenestene.
  • Du får moglegheit til å forme di eiga rolle og avdelingas arbeidsmåtar, saman med direktøren.
  • Andre opplysningar:
  • administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
  • alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Målfrid Vik Sønstabø, direktør , 91653176

Magnus Odeen, seniorrådgjevar , 48200668

Arbeidsstad

Bergen

Nøkkelinformasjon:

Annonsør:Hordaland fylkeskommune

Ref. nr.:4087475726

Stillingsbrøk: 100%

Fast

Tal på stillingar: 1

Søknadsfrist: 05.06.2019

https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4087475726&company_id=240000&culture_id=NN-NO

For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]

PAM

País del trabajo: Noruega.

Región: Hordaland.

Ver 502 ofertas de trabajo en "Hordaland" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Tipo de contrato: Jornada completa.

Empleador: Hordaland fylkeskommune, fylkesrådmannen.

Instrucciones para solicitar:

See jobdescription

Identificador de la vacante:12091905000560.

Ver las 112 ofertas de trabajo de Directores y gerentes : Directores y gerentes de producción y operaciones : Directores y gerentes de servicios profesionales : Directores y gerentes de servicios profesionales no clasificados bajo otros epígrafes ofertadas.

Ofertas de trabajo similares:

Ir a la versión para ordenadores / Más completa, permite traducir, filtrar por profesiones...