Europeos.es : Inicio > Oferta de trabajo en Noruega > Directores de empresas de construcción > Byggjeleiar -- Prosjekt Sør

Vacante de Directores de empresas de construcción en Hordaland (Noruega)

Byggjeleiar -- Prosjekt Sør

Clasificación del trabajo: Directores y gerentes : Directores y gerentes de producción y operaciones : Directores de industrias manufactureras, de minería, construcción y distribución : Directores de empresas de construcción.

Managers : Production and specialised services managers : Manufacturing, mining, construction, and distribution managers : Construction managers

Descripción de la oferta de trabajo:

Org. nr: 923723048 Stillingsident: 4259688163 Presentasjon av stillingen:

Vestland fylkeskommune sin overordna visjon for transportpolitikken er «Å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg transportsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport som fremmer regional utvikling».

Avdelinga Infrastruktur og veg (INV) har ansvar for planlegging, utbygging, drift og vedlikehald av om lag 5600 km fylkesveg, og tek i vare fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Vi samordnar aktørar med ansvar for trafikksikring i fylket. Avdelinga i varetek heilskapleg utbygging av transportinfrastruktur i arbeidet med Nasjonal transportplan og har naudsynt beredskap i samband med hendingar på vegnettet.

Planlegging og utbyggingsseksjonen (PU) har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland fylke. Byggherre-miljøet er delt i tre geografiske einingar, Prosjekt Nord (Sogn og Fjordane), Prosjekt Sør (Hordaland) og Prosjekt Bergen.

Til Prosjekt Sør søkjer vi etter byggjeleiarar for større og mindre tiltak i vårt geografiske ansvarsområde knytt til kontorstad Stord/Odda.

Vi har fleire kontorstader; Voss, Odda og Stord samt anleggskontor på Bømlo og Sunndal. Det må påreknast utstasjonering på aktuelle prosjekt ved behov. Vi ønsker oss ein kollega som bidreg både fagleg og sosialt.

Om stillinga

Vi søkjer ein byggjeleiar som forstår---og kan løyse---utfordringane vi har i større og mindre prosjekt. Du får det tekniske og økonomiske hovudansvaret for gjennomføringa og evalueringa av ulike entrepriseformer.

God fagleg tyngde frå byggjeleiing er ein føresetnad, men det er like viktig at du kan handtere både grunneigarar, konsulentar og entreprenørar på ein god måte. At du er kjend med, og gjerne har erfaring med BIM, frå prosjektering og gjennomføring blir og vektlagd. At du har fokus på og forstår kor viktig godt HMS arbeid er legg vi vekt på i ei slik stilling.

Kva kan du forvente?

Vi kan love deg varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver med mykje ansvar og stor samfunnspåverknad. Hos oss er det gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling.

Prosjekt sør har eit godt arbeidsmiljø kor det er lov til å utfordre kvarandre. Du vil bli med i ein gjeng som har fagleg og profesjonell styrke, stor takhøgde, godt humør og som dagleg går til ein triveleg arbeidsplass!

Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn etter avtale.

Kven er du?

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år. Dersom du har allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.

Det er ønskeleg med røynsle frå vegbygging, betongkontruksjonar --og /eller bygging av nye tunnelar. At du er kvalitetsbevisst og god på dokumentasjon av tiltaka er og viktige eigenskapar. Du må gjerne ha vore byggjeleiar på bygg- eller anleggsprosjekt før, eller ha erfaring frå andre offentlege prosjekt. Dette er likevel ikkje eit krav til stillinga.

Du må og kunne uttrykke deg godt både skriftleg og munnleg, og kunne syne til gode samarbeidsevner.

Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte leiar Prosjekt Sør Kathrine Løno Lahlum på telefon; 95055252.

Anna informasjon

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Kontaktinformasjon

Kathrine Løno Lahlum, leiar Prosjekt Sør , 95055252, Kathrine.Lono.Lahlumvlfk.no

Arbeidsstad

5411

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune

Referansenr.:4259688163

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 26.07.2020

Om arbeidsgiveren:

null

País del trabajo: Noruega.

Región: Hordaland.

Ver 632 ofertas de trabajo en "Hordaland" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Tipo de puesto: Contratación directa.

Tipo de contrato: Jornada completa.

Empleador: VESTLAND FYLKESKOMMUNE RETTLEIINGSTENESTA VESTLAND SØR AVD STORD.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:302cc4f9-2893-4fa2-8827-b3944a9ceddd.

Ver las 185 ofertas de trabajo de Directores y gerentes : Directores y gerentes de producción y operaciones : Directores de industrias manufactureras, de minería, construcción y distribución : Directores de empresas de construcción ofertadas.

Ofertas de trabajo similares:

Ir a la versión para ordenadores / Más completa, permite traducir, filtrar por profesiones...