Europeos.es : Inicio > Empleo en Noruega > Maestros preescolares > Barnehagelærar Gjernes Barnehage

Barnehagelærar Gjernes barnehage. Hordaland. Noruega

Oferta en Hordaland (Noruega) de Maestros preescolares

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la enseñanza : Maestros de enseñanza primaria y maestros preescolares : Maestros preescolares.

Professionals : Teaching professionals : Primary school and early childhood teachers : Early childhood educators

Descripción de la oferta de trabajo:

Ved Gjernes barnehage er det ledig 53 % mellombels stilling som barnehagelærar på storbarnsavdeling. Stillingsperiode er frå 1.10.20 til 31.07.21.

Om arbeidsstaden

Gjernes barnehage er ein to-avdelings barnehage som ligg 2 km frå Voss sentrum. Me er ein barnehage med både menn og kvinner. Me er opptekne av å skapa gode dagar for barna og ein kvardag med humor.

Arbeidsoppgåver

Vera ein ekstra ressurs knytt til oppfølging av enkeltbarn

Me søkjer

Fagleg kompetanse: Barnehagelærar, eller anna relevant høgskuleutdanning

  • Ynskje om erfaring frå barnehage
  • Gode norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • fleksibel og eit godt humør
  • kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • omsorgsfull i møte med barn
  • gode samarbeidsevner
  • skape ein god dialog med foreldre

    Personlege eigenskapar vert vektlagt

Menn vert oppmoda om å søkja

Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Hugs å gje opp referansar

Me tilbyr

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søknad

Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss herad, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Om arbeidsgiveren:

Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.

País del trabajo: Noruega.

Región: Hordaland.

Ver 350 ofertas de trabajo en "Hordaland" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Tipo de puesto: Contratación directa.

Tipo de contrato: Jornada completa.

Empleador: GJERNES BARNEHAGE.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:c40b8e10-9b4c-45d7-9fb0-a9afe28647a1.

Ver las 907 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la enseñanza : Maestros de enseñanza primaria y maestros preescolares : Maestros preescolares ofertadas.

Ofertas de trabajo similares:

Ir a la versión para ordenadores / Más completa, permite traducir, filtrar por profesiones...