Europeos.es : Inicio > Empleo en Noruega > Maestros preescolares > Barnehagelærar 40-60 % Vikariat

Barnehagelærar 40-60 % vikariat. Oppland. Noruega

Contrato en Noruega (Oppland) de Maestros preescolares

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la enseñanza : Maestros de enseñanza primaria y maestros preescolares : Maestros preescolares.

Professionals : Teaching professionals : Primary school and early childhood teachers : Early childhood educators

Descripción de la oferta de trabajo:

Org. nr: - Stillingsident: 4246675203 Presentasjon av stillingen:

Det er ledig 40 % vikariat som barnehagelærar i Røn naturbarnehage heile barnehageåret 20-21.

Det er også ledig 20 % barnehagelærar i Slidre barnehage tom 31.12.20 med mogelegheit for kombinasjon med stillingane og evt forlenging i Slidre

Begge stillingane har oppstart 01.08.20

Barnehagane er kommunale, godkjent for 54 plassar. Vi har ei erfaren personalgruppe, som gjennom god omsorg og tett foreldresamarbeid har som mål å gje kvart enkelt barn ein god dag -- kvar dag.

Arbeidsoppgåver

  • Medansvar for planlegging og vurdering i samsvar med rammeplan for barnehagar
  • Bidra til godt foreldresamarbeid
  • Vera ein ressursperson i barnehagen med leiken som pedagogisk verkemiddel
  • Dagleg omsorg for det enkelte barn
  • Fokus på trivsel, livsmeistring og helse

Kvalifikasjonar

  • Du har godkjent 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar,
  • Fagarbeidar innan barne-og ungdomsarbeidarfaget kan også bli vurdert

Personlege eigenskapar

  • Er ein fleksibel, aktiv og spanande vaksen
  • Har evne til refleksjon over eigen praksis i lag med resten av fagmiljøet
  • Har gode samarbeidsevner- og vilje
  • Er genuint oppteken av barnehagebarns utvikling i interaksjon med andre
  • Beherskar god kommunikasjon, munnleg og skriftleg
  • Eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit positivt og stabilt arbeidsmiljø
  • Aktive og spanande dagar i lag med barn med fokus på barnehagefaget
  • Stillingsbeskriving for alle stillingar i barnehagen
  • Rettleiing til nyutdanna barnehagelærarar
  • Løn etter tariff og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av

    gjeldande lover, reglement og tariffavtalar

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Andre opplysningar

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å økje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov.

Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnateke offentleg søkjarliste. Ønskje om å bli unnateke offentleg søkarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ønskje ikkje kan takast til følgje.

Kontaktinformasjon

Gunn Britt Haugrud, Styrar Røn naturbarnehage, 97602876, gunn.britt.haugrudvestre-slidre.kommune.no

Monica K. Sæternes, Styrar Slidre barnehage, 97594404, monica.seternesvestre-slidre.kommune.no

Arbeidsstad

Furukollen 1

2960 Røn

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Vestre Slidre kommune

Referansenr.:4246675203

Stillingsprosent: 60%

Vikar

Startdato: 01.08.2020

Sluttdato: 31.07.2021

Søknadsfrist: 14.06.2020

Om arbeidsgiveren:

Vestre Slidre er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres. Kommunen er 464 km2 stor og har omlag 2 200 innbyggjarar. Vi har ei god skule i kommunen og vi har full barnehagedekning. Kommunen har eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett. Vestre Slidre ligg vakkert til nær Jotunheimen. Det ligg til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

País del trabajo: Noruega.

Región: Oppland.

Ver 172 ofertas de trabajo en "Oppland" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Tipo de puesto: Determinado.

Tipo de contrato: Tiempo parcial.

Empleador: RØN NATURBARNEHAGE.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:febfa629-3e09-46f1-bc42-e8df5c7e2bee.

Ver las 1,175 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la enseñanza : Maestros de enseñanza primaria y maestros preescolares : Maestros preescolares ofertadas.

Ofertas de trabajo similares:

Ir a la versión para ordenadores / Más completa, permite traducir, filtrar por profesiones...